Brunost er eit programmeringsspråk designa for dei som meiner at kode ikkje berre skal vere funksjonell — han skal ha sjel. Inspirert av den klassiske norske frukostopplevinga kombinerer Brunost ein rein, lesbar syntaks med ekte nynorsk terminologi.
Ingen framandord. Ingen rar import-hierarki. Berre kode som flyt like mjukt som brunost over ein nysteikt vaffel.
| Eigenskap | Brunost |
|---|---|
| Løkker | forKvart og medan-syntaks som les seg naturleg |
| Lambdaer | Anonyme funksjonar som { tal -> tal + 1 } og trailing lambdas |
| Lister og kart | Innebygde modular for transformasjonar og oppslagstabellar |
| Feilhandtering | prøv/fang-blokker for kasta verdiar og vanlege køyretidsfeil |
| Modular | Innebygde, brukar-definerte og fil-baserte modular |
| Mutabilitet | Eksplisitt låst/open — aldri uventa endringar |
| Typar | Eigendefinerte datatypar med feltmutabilitet |
bruk terminal
type Fjelltur {
låst namn er "ukjend"
låst høgd er 0
}
gjer råd(tur) {
viss (tur.høgd erStørreEnn 2000) gjer {
gjevTilbake tur.namn + " — pak med ekstra brunost"
} elles viss (tur.høgd erStørreEnn 1000) gjer {
gjevTilbake tur.namn + " — ein god termos held deg varm"
} elles {
gjevTilbake tur.namn + " — perfekt for familien"
}
}
låst turar er [
Fjelltur { namn er "Galdhøpiggen", høgd er 2469 },
Fjelltur { namn er "Snøhetta", høgd er 2286 },
Fjelltur { namn er "Gaustatoppen", høgd er 1883 },
Fjelltur { namn er "Ulriken", høgd er 643 },
]
forKvart tur i turar {
terminal.skriv(råd(tur))
}brew tap atomfinger/brunost
brew install brunostasdf plugin add brunost https://github.com/atomfinger/asdf-brunost
asdf install brunost latest
asdf global brunost latestEller med mise:
mise use -g brunost@latestLast ned den nyaste binærfila frå GitHub Releases og legg ho til i PATH.
nix run github:atomfinger/brunost -- mittskript.brunostBrunost er eit aktivt prosjekt og tek gjerne imot bidrag — anten det er feilrettingar, nye funksjonar, betre dokumentasjon eller fleire demoar.
- Fork repoet
- Lag ein ny gren:
git checkout -b mi-endring - Gjer endringane dine
- Send ein pull request
Laga med kjærleik og altfor mykje brunost
